Ola Kvendset er i gang med slåtten, og har tenkt å nytte finvêret dei næraste par dagane til å få unna 1.-slåtten. Ola Har nærare 400 mål, og har dei siste par vekene venta på høveleg slåttavêr for å sette i gang. Ola fortel at det er nokon lunde brukbare avlingar, spesielt der det er nyekrer, men han hadde egentleg forventa litt meir. Han skuldar på det kalde vêret, men legger da til at ein kan da ikkje vente at alle får vêret slik dei vil ha det :-).
Ola brukar ein del hundgras i frøblandingane sine, og det gjer nok at han er ekstra tidleg ute med førsteslåtten. Han hadde egentleg tenkt å slå 5 gonger i sommar, men trur han er litt seint ute for å klare det. -Han sier at i tillegg til det kalde vêret, så låg snøen lenge utover våren. Er nok nokre dagar seinare ute i år enn i fjor.
Da for vi sjå om det blir vostravêr utover sommaren – i allfall har Ola behov for rundt 1000 rundballar til fôring av eiga besetning. – Det er bra å ha mykje grovfôr, slik at vi kan spare litt på bruken av importert fôr. -Det er nok i beste ånd for auka sjølforsyning.