Måndag kveld var det slåttedugnad på kyrkjegarden ved Todalen kyrkje. Ei 20-tal deltakarar tok jobben med rydding, kantslått og finpuss rundt omkring på kyrkjegarden.
Spesielt var det plassar der ein ikkje kjem til med plenkløpparen som fikk eit lite «face-lift» denne kvelden. Etter ein mai-månad med minimalt med nedbør er det etter kvart utruleg tørt på kyrkjegarden, og det er nok mange gravminneplassar som treng litt vatning for å halde liv i blomstrar som er planta ut.