Tysdag har det vore sommar i ordet rette forstand. Med temperatur langt opp mot trettitalet er det godt å finne en plass i skyggen, og passe på å ta inn nok væske slik at en ikke blir dehydrert og tørker ut. Det er no ferietid og mange er reist bort til eit eller alla feriemål, men det var da litt aktivitet å sjå på turen rundt bygda.
Bjørn Kvendset satsa på produksjon av flathøy utpå Kvennsetørå. Han bruka slåmaskina måndag, og rekna med å ha førteklasses flathøy ferdig på onsdag eller torsdag. Tysdag var han i farta med høyvendaren for å breie utover, og mot kvelden skulle graset igjen samlast.
På Bordholmen var Gudmund I. Kvendset på det næraste ferdig med slåtten på fotballbanen. For å halde fotballbanen i trim er det plenslått 2 gong i veka, dersom vêret tillet det. Banekomiteen deler på dette arbeidet, og tysdag kveld var det altså turen til Gudmund.
Etter vermeldinga på yr.no skal finvêret halde seg til og med torsdag, men fra fredag må vi rekne med enkelte regnbyger innimellom. Temperaturen ser ut til å halde seg bra vidare utover perioden, og ein del sørleg vindretning kan vel tyde på at vêret kan bli betre enn det er meldt.