Det er firmaet Norva 24 frå Stryn som melder at firmaet kjem til Todalen for slamtømming av septikanlegget ditt. Tømming vil skje i vekene 36/37 (perioden 4. – 15. september) dersom alt går etter plana. I veka som gikk fikk alle melding om slamtømming og kva tiltak som må gjerast. Norva 24 har avtale med Surnadal kommune om tømming av septikkanlegg
Tiltak som må gjerast før tømming:
Eventuell overdekning av tanklok må takast av. Trær og busker som er til hinder må også fjernast. Marker gjerne der tanken er, slik at vi ser kor den er plassert.
Tanken må vere sikra mot oppdrift under og etter tømming slik at den ikkje kan flyte opp.
Dersom abonnenten etter tømmevarsel ikkje har klargjort slamanlegget inkludert tilkomstveg for tømming, vil ikkje ordinær tømming bli gjennomført. Ekstrakostnader som kommunen blir påført, må abonnenten dekke.
Den som tømmer anlegget har rett til å plassere nødvendig utstyr på eigedomen for å få utført tømminga.