Nytt onsdagstreff i Surnadal kulturhus onsdag 11. oktober kl. 13 – og denne gongen om slaktarhistorie for Nordmøre generelt og Surnadal kommune spesielt.
Andreas Sandvik har skrive slaktarhistorien for Nordmøre, og i den nær 560 sider store boka er mykje av stoffet henta frå noverande Surnadal kommune. Rundt femti bygdeslaktarar herifrå har fått eigen presentasjon, i tillegg til plassen som er via større og mindre slakteri i kommunen.
Todalingane er godt representerte, både med slakteri og slakterar – heilt fram til den siste store bygdeslaktaren; Johan Ørsal.
Dette er spennande stoff, og Sandvik har mange gode historier å krydre foredraget med.
Etter treffet blir det servert kaffe og kakestykke (medrekna i billetten) – og dei som vil, får sikkert også sjansen til å kjøpe boka til Sandvik.
Onsdagstreffa går inn som ein del av tilbodet støtta av «Den kulturelle spaserstokken».