Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skyteprøver – måndag er det start

Jon Olav Ørsal Fredag 20. juni 2014

Måndag 23. juni startar Søya og Todalen skyttarlag sesongen med skyteprøver på lagets anlegg i Ranheimsvingen på Kvanne, melder styret. Det er sett opp 9 måndagar utover sommaren og hausten til skyteprøve og oppskyting til storviltjakta. Alle kveldar er det skyting frå kl 18.00 til kl 20.00

DSC_1146

Skyteprøve foregår på dyrefigurar – 5 skott og alle må treffe innafor sirkelen. Arkivfoto: Jon Olav Ørsal

Førebuinga til haustjakta er altså i full gang på skytebanen, og alle som skal jakte storvilt med rifle må avlegge ein årsleg skyteprøve. For å få avlegge skyteprøve må det dokumenterast minst 30 treningsskott med rifle, medan sjølve skyteprøven består av 5 skott på ein stilleståande dyrefigur på 100 meters avstand. Alle 5 skotta må treffe innafor ein sirkel på 30 cm diameter. Og merk deg at du må skyte opp med alle kulevåpen som skal nyttast til storviltjakta!

Det blir treningsskyting og oppskyting på anlegget i Ranheimsvingen på følgjande måndagskveldar i sommar/haust:

23. juni, 30. juni, 14. juli, 21. juli, 28. juli, 4. august, 11. august, 18. august og siste kveld 25. august.

 

 

 

Publisert: 20. juni 2014, 09:20