Kvar måndagskveld sia 27. juni har Søya og Todalen Skytterlag arrangert skyteprøver for storviltjakta på skytebanen i Ranheimsvingen på Kvanne. Skal du på storviltjakt så slepp du ikkje unna skyteprøven i år, slik som dei to pandemiåra. Det er obligatorisk med 30 prøveskott, og 5 skott til skyteprøven og 5 treff.

Slik er skiva for skyteprøven, fortel Martinus Grønnes. Sirkelen på skive er 30 cm i diameter og her er kravet 5 treff på 5 skott. Foto Jon Olav Ørsal
I kveld var det 7. kvelden at Søya og Todalen Skytterlag arrangerer skyteprøve og øvingsskyting, så mange har nok gjort unna prøven, fortel Martinus Grønnes som er «kontorsjef» denne kvelden. Enda fleire er det som er ferdig med halvparten av prøveskotta, for prøveskotta må takast i to omgangar med minst 15 skott i kvar omgang. Men når to omgangar er unnagjort kan ein samtidig prøve seg på skyteprøven – med 5 skott og 5 treff.

Olav Arne Nes og John Moe kontrollerer at alt går rett for seg, medan Ivar Hyldbakk, Tore gjul og Svein Sæter gjer sitt beste for å treffe skivene. Foto Jon Olav Ørsal
No er det digital registrering av prøveskott og skyteprøve – du må gå inn på www.jegerregistret.no og logge inn på «Min jegerside» og følge intruksen vidare for å registrere våpen, kaliber og følg instruksjonen vidare. Dette er det faktisk lurt å førebu seg litt på før ein dreg til skytebanen.
Da vi var innom skytebanen til Søya og Todalen Skytterlag i Ranheimsvingen var det kort ventetid og skytinga gikk kjapt unna. Det er no 3 kveldar att – 15., 22. og 29. august – så dersom du ikkje er komen i gang med prøveskotta, så begynner det å haste.