Ja, det er oppfordinga til elevane ved Todalen skule. Skuleelevane har nemleg vore med i Jakten på Kartongmeterskatten i 2011. Kvar dag skyl, brettar og stappar dei drikkekartongar før dei leverer dei til gjenvinning. Her ein dag fekk dei ein pakke i posten. Dei hadde vore så heldige å vunne eit isbjørnfadderskap i WWF. Som isbjørnfadder er dei med på å bremse klimaendringane og sikra isbjørnen si framtid.
Det er Grønt Punkt Norge AS som står for innsamlingsordninga av drikkekartong, og som motiverer elevane til gjenvinning med spelet Jakten på Kartongmeterskatten. I løpet av skuleåret har dei reist frå by til by på Noregskartet, undervegs har dei lært fakta om trua dyreartar. Dei oppfordrar alle til : SKYLL. BRETT. STAPP og retur av drikkekartongar.
Helsing alle oss i 1.-4.klasse