Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

SKUV fekk 50 000 frå Kleivafondet.

Bjørn Gunnar Ansnes Laurdag 25. mai 2024

Under ein seremoni under Vårsøghelga sin Kleivakvelden på Kleiva no i kveld, fekk SKUV (Surnadal konseptutvikling) tildelt 50 000 kroner frå Kleivafondet. Det var ordførar i Surnadal kommune, Hugo Pedersen som stod for utdelinga, og det var Øystein Hjelle Bondhus, styreleiar i SKUV som tok imot prisen på vegne av SKUF. 

Grunngjevinga for tildelinga sa:

«Dette blir delt ut til ein organisasjon som arbeider for å legge til rette for variert kulturutøving og kulturformidling lokalt her i Surnadal. Det går til ein gjeng med stor «ståpåvilje», som ikkje gir seg før det blir! Dei har jammen meg òg har skaffa seg ein eigen kulturarena. Men til tross for det dreg dei i gang konsertar og «gaukveldar» både i og utanfor kulturhuset.»

Kleivafondet er midlar som styret i fondet, som er formannskapet i Surnadal kommune kan dele ut kvar år. Formålet med fondet er å fremje kulturelle og lokalhistoriske føremål innafor kommunen, unnateke fotball og stjerneidrett. Styret i Kleivafondet kan i tillegg til å dele ut midlar etter søknad, også dele ut midlar på eige initiativ, utan at det er søkt.

Styret i Kleivafondet fekk ikkje inn kandidatar i år, og har på eige initiativ bestemt at det skal 50 000 kroner av renteinntekta til ein organisasjon. 

Todalen.no gratulerer SKUV med tildelinga frå Kleivafondet!

Først publisert: 25. mai 2024, 18:04 - Sist oppdatert: 26. mai 2024, 10:22