Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skulstuå får ny vêrvegg…

Jon Olav Ørsal Onsdag 1. oktober 2014

Vêrveggen på Skulstuå (Gammelskulen) blir i desse dagar skifta ut. Da vi knipsa bilete i skyminga var arbeidet forlengst slutt, men det er snikkarar frå Latvia som utfører arbeidet. Ytterveggen hadde nok stått sitt høgst, og blir no skifta samstundes som ei av skottdørende blir kledd att. Tidlegare er vindauga mot vegen skifta ut på grunn av råteskade, og det blir vel meir vedleikehald etter kvart.

Vi satsar på å ta litt etter kvart, etter kvart som økonomien tåler det, fortel Anders Talgø som er stuyreleiar i stiftelsen Skulstuå. Det er no 2 år sia Stiftinga Skulstuå i Todalen teok over eigedomen frå surnadal kommune. Drifta av eigedomen er det Venner av Skulstuå som er ansvarleg for, og der er det ragna Kvendset som er leiar.

Skulstua består av 2 bustader, den den eine er leigd ut til buformål og den største blir leigd ut som møtelokale o.l. når det er behov.

 

Først publisert: 1. oktober 2014, 19:23 - Sist oppdatert: 2. oktober 2014, 07:27