Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skuletur til Nordmarka på WorldCup…

Jon Olav Ørsal Torsdag 19. mars 2015

Her kjem fleire inntrykk frå Nordmarka, der 2015 IPC Nordic Skiing World Cup Surnadal er i full gang. Onsdag stillte elevane ved Todalen oppvekstsenter opp som heiagjeng på Nordmarka. Det vart litt av ein festdag, fortel Britt Mossing, som har sendt oss tekst og bilder frå turen…

«Sender nokre bilete og inntrykk frå dagen på Nordmarka. Skuleelevane hadde laga seg plakatar med flagg og heiarop og var godt forberedt til dagens program på skistadion. Vi var på plass rett etter 9, og her var det ungar som kunne heie fram dei ulike utøvarane.  Kos rundt bålet og leik i skogen vart det og tid til. Speaker var ute på intervjurunde. Elevane hadde og laga teikningar til alle vinnarane på dagens øvingar. Desse var dei med og delte ut til utøvarane saman med blomster under premieseremonien på kulturhuset kl.5. Vi er imponerte  over kor flinke utøvarane var.»

Bildegalleri fra turen til Nordmarka og 2015 IPC Nordic Skiing World Cup.  Alle foto: Britt Mossing

Publisert: 19. mars 2015, 09:00