Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skulesaka: Feira med kake og is til elevane

Jon Olav Ørsal Torsdag 13. september 2018

Torsdag var det klar at fleirtalet i kommunestyret støtta rådmannens tilråding i saka som omhandla den vidare skjebnen til Todalen skule. Med ei lita endring vart det gjort positivt vedtak i saka, og dermed er situasjonen meir forutsigbar både for borna, lærarane og foreldra.  Vedtaket vart behørig feira med sjokoladekake og is til alle, både skuleborna, tilsette og aksjonsgruppa frå FAU.

Stor stas med overraskande kakelag i Todalsskulen – Her er sjokoladekakene komne på bordet! Foto: Jon Olav Ørsal

Bjørn Gunnar Ansnes er leiar for gruppa som har jobba med skulesaka, og han sett stor pris på at ting no blir forutsigbart, og det blir slutt på å bruke skulen som salderingspost når det er problem med å få budsjettet til å gå i hop.  – No blir skulen «freda» heilt til elevtalet kjem under 20 før saka kjem opp på ny, og teljedatoen blir 1. august året før. No blir det imidlertid høring om skulen i Todalen, og den kjem til å foregå innafor ramma av dagens kommunestyrevedtak.

Det er mange ting som påverkar barnetalet og folketalet i bygda. Rektor Britt Mossing seier at ting blir annleis når folketalet minkar og folk er 10 år eldre før dei får no enn dei var før.  – Det er godt at ting no er meir forutsigbart både for elevar og lærarar, og at det no blir meir ro for å ivareta den faglige biten. 

No må alle klutar settes til for å få meir folk (les skuleborn) inn i bygda. Talgø MøreTre er godt i gang med å skaffe nye arbeidsplassar, der eit trettital er på plass det siste året. No gjeld det å få dei andre forutsetningane på plass, slik som bustader og trivselstiltak for å få folk til å busette seg i Todalen.

Julia Halle pynter kakene med strøssel – klart for serveing.   foto: Jon Olav Ørsal

Bjørn Gunnar Ansnes er leiar for FAU-gruppa som har jobba med skulesaka. her orienterer han om utfallet av kommunestyremøtet. Foto: Jon Olav Ørsal

Ella var yngste deltakar – her saman med barnehagetantene Anita og Trine. Foto: Jon Olav Ørsal

Jubelen stod høgt i taket for kake og is blant elevane. Foto: Jon Olav Ørsal

 

Publisert: 13. september 2018, 13:53