Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skulelunch med bondelaget – Kvar kjem maten frå?

Jon Olav Ørsal Onsdag 8. februar 2017

Onsdag var vi invitert til skulelunch i Todalen oppvekstsenter. Det var Todalen Bondelag som var verskap, og hadde dekt på i gymsalen for både elevar på skulen og barnehagen med både lærarar og assistentar. 

Ola Kvendset er leiar i Todalen bondelag. Han fortalte litt om kvar maten kom frå. Foto: Jon Olav Ørsal

Etterkvart som det vart matfriminutt tok elevane plass rundt borda – elevane og barnehageborna blanda seg på alle borda. Når alle var på plass ønska Ola Kvendset, som er leiar i bondelagt, alle velkomne til bords. – Ola fortalte litt om kvar maten kjem få og korleis den blir til, før han sa versågod – og borna kunne forsyne seg frå eit velfylt koldtbord med stort utval i pålegg og tilbehør.

Må nok skryte litt av borna og god bordskikk – dei aller fleste forsynte seg sjølve og kosa seg med maten i fred og ro. berre dei aller minste trong litt hjelp for å finne seg mat. Britt Mossing, som er fungerande rektor, fortalte at dei er vante til å få skulelunch og denne dagen var det nok ekstra stas når bondelaget stillte med varm kakao til.  Nystekt brød var det også, litt spesielt det også denne dagen.  – Frode Grønmyr hadde fyrt opp bakeovnen i eldhuset, og kunne by på steinbakt brød som både store og små likte godt.

Todalen bondelag var vertskap – Siv Halle, Sven Olav Svinvik og Ola Kvendset. Foto: Jon Olav Ørsal.

 

Publisert: 8. februar 2017, 14:33