Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skulejubileum «Mitt Prosjekt 4»

Bjørn Gunnar Ansnes Fredag 7. august 2020

Då flyttar vi oss til notid, men held oss framleis innafor fagfeltet handarbeid. Denne gongen er det Van Adrian H. Ansnes si pute som han laga i 6.trinn skuleåret 2017/18 og veska han laga i 7.trinn skuleåret 2018/19 vi presenterer. Det var Marit Sæter Lediard som var lærar i handarbeid ved Todalen skule då Van Adrian laga puta og veska. Marit er framleis lærar ved Todalen skule, og ho tok våren 2019 master i Design, kunst og handverk (Skaparglede) og då Van Adrian laga veska si var det ein del av Marit si masteroppgåve.

Van Adrian fortel at han likar faget kunst og handverk særs godt og at han tykte det var spanande å få lage ting som kjem til nytte, og at veska samstundes var ein del av ei masteroppgåve til læraren sin.  Vi kjem seinare i haust til å presentere Marit si masteroppgåve der ho sjølv fortel om oppgåva og gjennomføringa av den.

Van Adrian si pute (foto: BGA)

Van Adrian si veske (foto: BGA)

 

Først publisert: 7. august 2020, 04:00 - Sist oppdatert: 8. august 2020, 12:56