Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skulejoggen

Britt Mossing Sundag 6. september 2009

Todalen oppvekstsenter arrangerer skulejoggen onsdag 09.09.09. Vi ser gjerne at dei som har lyst på ein trimtur kan bli med på turen. Tempo bestemmer ein sjølv.

Norden og LFF (landslaget for fysisk fostring) har invitert skulane til å lage eit arrangement i nærmiljøet, og knytte dette opp mot eit kulturminne sidan det er kulturminneår i år. Difor går den kortaste løypa om Phillipsbrua,ca 3km medan dei ekstra trimglade kan ta runden om hengebrua i Heggøya(ca 5 km.

Vi oppfordrar alle til å støtte solidaritetsaksjon ved å gi ein frivillig «joggetier» ved start.

Kom og bli med på skulejoggen på Todalen oppvekstsenter onsdag

09.09.09

Hjelp barn i Søraust-Europa gjennom

Redd Barna!

Gi ein frivillig ”Jogge-10’ar” til årets solidaritetsaksjon!

I kulturminneåret går løypene om kjente bruer/kulturminne:

1. Skulen – Phillipsbrua – Sti langs elva til Brusetbrua – Skulen

2. Skulen – Ramsøya – Heggøya – Hengebrua –

Brusetbrua – Skulen

START: 11.30

Publisert: 6. september 2009, 02:26