Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skulejogg med stor iver og innsats

Skulejogg med stor iver og innsats

Dordi Jorunn Halle Fredag 20. september 2013

Torsdag deltok vi ved Todalen skule på Skulejoggen 2013. Arrangementet er i samarbeid med SOS barnebyer og Landslaget for fysisk fostring. Den frivillige «startkontingenten» går til SOS-barnebyer sitt arbeid for foreldrelause barn i Mwanza i Tanzania.

Dåra i år gjekk frå skulen og opp Pilskardet til Steinarstua. Der vart det ein liten stopp for å skrive namnet sitt i trimboka som oppvekstsenteret har på løåveggen der. Så gjekk turen vidare ned Storbrekkå og til skulen. Alle måtte så inn på skuleplassen for å fargelegge ei stjerne på deltakarkortet sitt. Så spurta alle ut på nye rundar – og det vart utruleg mange rundar og raudleitte ungar! Til slutt fekk alle ein velfortent diplom for stor innsats.

 Bileta frå skulejoggen er teke av Torill Gjeldnes og Dordi Jorunn Halle

Publisert: 20. september 2013, 10:00