Endeleg vart det skulefri, slik at det går an å bruke dagane til badeliv og fotball. Det er viktig å få litt lystbetont aktivitet i løpet av ferien. Snart startar fellesferien, og da blir det nok turistar å stifte bekjentskap med også. No er snøsmeltinga i fjella stort sett ferdig, og da er det nok betre temperatur på vatnet i elva for badarane.

Ved Brusetbrua trefte vi Ola, Eivind, Kevin Anders og Vegard. Dei hoppa ut i Brusethølen i tur og orden, og tok runde etter runde til stor glede for oss som var tilskuarar. Tidlegare på dagen hadde dei bada i Halsahølen, men det var varmare vatn i Brusethølen kunne dei berette. Dei bekrefta at det var fin badetemperatur i elva, sjølv om dei nok hakka litt tenner.
Det blir nok fleire badedagar denne veka, med temperaturar på opp til 23 grader, melder yr.no på langtidsvarselet.