Skulebussen fekk motorstopp ved Sisiå i dag ettermiddag, og det var ikkje muleg å få start igjen. Bussen stod midt på vegen, og det var ikkje muleg å kome forbi med bil. Det danna seg fort kø på begge sider, og snart var det eit titals biler og vogntog som venta på å kome forbi. Anders A. Karlsen vart redninga, som kom med traktor for å slepe bussen bort, slik at trafikken igjen kunne gå som normalt.
