Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skuleavslutning med nye mål i sikte

Elinor Bolme Tysdag 20. juni 2017

I går var det avslutning på Todalen oppvekstsenter for skule- og barnehageåret 2016-17. Nokon sluttar heilt, medan andre skal byrje heilt på ny igjen. Heile 5 ungar avsluttar no eit kapittel på den trygge og gode barnehagen og tek til hausten steget heilt opp til 1.klasse. Dette resulterer i ei litt mindere barnehagegruppe frå hausten, men dertil godt med elevar på skulen sia det er berre ei som byrjar i 8. klasse i Surnadal.

FAU hadde også denne gongen ansvaret for arrangementet, og stilte med varme grillar slik at middagen kunne inntas i lag på langbord inne. Etterpå var det ettermiddagskaffe og langt kakebord.

Elevane hadde som vanleg førebudd nokre songinnslag, både i lag med barnehageungane og åleine. 5.-7. klasse hadde også premiere på ein retteleg dramatisk film spela inn den aller siste veka.

Under eit bildegalleri frå arrangementet.

Først publisert: 20. juni 2017, 05:00 - Sist oppdatert: 19. juni 2017, 22:12