Ragnhild Lund Ansnes, som er gift med surnadalingen Jostein Ansnes, og som saman med han driv hotell TIA, rett ved Anfield Road i Liverpool og reisebyrået Liverpool Adventures, er no i Surnadal. Der er ho i full gang med å skrive bok om Liverpool FC sin nyleg avgåtte manager, Jürgen Klopp.
Da er det kanskje ikkje så rart at det i det siste har dukka opp mange bilder av Ragnhild og Jürgen, der mange trur at Ragnhild er Ulla, kona til Jürgen. VG hadde torsdag ei sak om dette med video

F.v. Jostein Ansnes, Ragnhild Lund Ansnes, Ulla og Jûrgen Klopp, Janne og Bruce Grobbelaar. Foto: Privat
Ragnhild har tidlegare skrive bøkene: Liverpoolhjerter (2010), Liverpoolhelter (2012), Liverpoolkapteiner – Ledelse og lidenskap (2016), Bruce Grobbelar – Life in a jungel (2018) og Verdens beste Liverpool – You’ll never walk alone (2020). Ho var også redaktør for boka om tidlegare manager i Liverpool Shankly – Rett frå hjertet (2013).
Den nye boka, Klopps Liverpool, skal gjevast ut på Kagge og Stenersen forlag, og utgjevingsdatoen er torsdag 3. oktober. I samband med utgjevinga vil Ragnhild gjennomføre ein lanseringsturne, der ein også vil besøke Nordmøre, saman med tidlegare Liverpool-spelarar og forlaget.
Det er også mogleg å førehandsbestille eit personleg dedikert eksemplar av boka Klopps Liverpool