Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skogsbilveg til Skarvøymyra

Jon Olav Ørsal Sundag 11. februar 2018

I Øyalia driv entreprenør Per E. Gjeldnes Maskin med bygging av skogsbilveg – det dreier seg om vidareføring av vegen som i dag går opp til området ved Øyagammelsetra oppunder Tårnet.  No blir vegen vidareført opp til enden på den gamle tømmervegen som endar opp på Skarvøymyra, litt lenger ut og opp.

Det dreier seg altså om oppgradering frå tømmerveg og opp til heilårs skogsbilveg. Og den strekninga som no blir oppgradert er på rundt 900 meter. Den nye vegen blir lagt i ein litt anna trase og blir sjølvsagt ikkje så bratt som gammelvegen, fortel Per Gjeldnes.

Hit går vegen i dag – den nye vegtrasen blir på ca 900 meter og skal erstatte den gamle tømmervegen som er atskillig brattare. Foto: Jon Olav Ørsal

Nyvegen får ein heilt anna standard, og blir heilårs skogsbilveg. Foto: Jon Olav Ørsal

På spørsmål om han ikkje like godt kan fortsette heilt til fjells, så seier Per at han godt kunne tenkt seg det, men det blir i iallfall ikkje no. Men han kunne godt ha tenkt seg å fått den jobben, medan han enno er yrkesaktiv, gliser han.

Ståle Ansnes som har lagt ut og fått godkjent eit hyttefelt oppå lia her, har nok veg hit i bakhovudet. Det blir kanskje neste byggetrinn? Total lengde på den vegen som no blir bygd ferdig er ca 4,5 km og startar ved ungdomshuset. Opp til hyttefeltet står det da att rundt 600 meter, og dersom vegen bygges ferdig dit, vil det bli eit ypperleg utgangspunkt for turar i alle retningar og ikkje minst til TILs skihytte på Ørsalfjellet. Til Todalen.no seier Ståle Ansnes at det enno ikkje foreligg noko konkrete planer for å starte verken vegbygging eller opparbeiding av hyttefeltet.

Frå Skarvøymyra og opp til hyttefeltet som er lagt ut er det rundt 600 meter som står att. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 11. februar 2018, 14:30