Fleire nyplanta skogsfelt får no eit tilskot med gjødsel for å få fart på voksteren. Eit helikopter får gjort denne jobben utruleg effektivt, og flyr ut med gjødselspreiar som sørger for gjødsling av plantefelta.
Det er eit svensk firma som utfører jobben for Pegasus Helikopter. Det var imidlertid eit intens leven rundt bilen som mikset gjødsel til spreiaren som altså vart transportert ut med helikopter. – Derfor var det umogleg å skaffe informasjon om kva og korleis dette var organisert.
Det er imidlertid kjent at skog som blir gjødsla både aukar tilveksten og treets forbruk av Co2. Den auka tilveksten er såpass stor at det er ingen tvil om at slik skoggjødning gir god lønnsemd for skogbrukaren.