Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skogbrannfare på oransje nivå i Surnadal kommune

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 23. mai 2024
I ei pressemelding frå Surnadal kommune no på føremiddagen, blir vi informert om at det er oransje farevarsel for skogbrann i Surnadal kommune. Farevarselet betyr at det er høg sannsynlegheit for skogbrann, og at ein eventuell brann kan bli så stor at den er vanskeleg å handtere.

Det er Statsforvaltaren som i dag, 23. mai har sendt ut farevarsel om stor skogbrannfare.

Tørke medfører betydeleg auka fare for brann i skog og anna utmark. Difor er det eit generelt forbod mot bruk av open eld i heile landet i sommarhalvåret i skogen, påfjellet, på stranda, og ved naturområde som ikkje er innmark. 

Surnadal kommune har motteke farevarsel på oransje nivå for torsdag, fredag og laurdag.

– Sol, varme og vind slik vi no har hatt over lang tid, gjer faren spesielt stor, seier Gunnar Bøe, innsatsleiar brann i Surnadal kommune.

Foto. Skogbrannslokking i april 2024. - Klikk for stort bildeSløkking av skogbrann i Surnadal, april 2024.

Vis aktsem!

I tidsrommet 15. april til 15. september er det forbode mot å gjere opp eld i nærleiken av skog og anna utmark utan løyve frå kommunen.

Så tørt som det er no skal det særs lite til for å starte ein brann. Kvar og ein av oss må vise aktsomheit og opptre på ein slik måte at brann ikkje oppstår. Det gjeld alle, heile tida og over alt.

Aktsomheitsplikta inneber at ein tek førehaldsreglar for å redusere sannsynlegheita for brann og begrense skadene dersom det skulle oppstå brann. Oppgjort eld må ikkje bli forlatt før den er fullstendig sløkt. 

Hugs at aktsomheitsplikta gjeld overalt, i parkar og hagar, på verandaer og terrassar eller under brennbare tak eller liknande overbygg.

Ved brann eller ulykke ring 110!

Følg med på varsel om skogbrannfare på varsom.no

 


Medlem i Todalen.no –


 

Publisert: 23. mai 2024, 11:19