Direktoratet for naturforvaltning set no i gang eit prosjekt forå overvake innslaget av rømt oppdrettslaks som går opp i elvane i Trøndelag, og tek samtidig Surna og Toåa med i prosjektet. Det fører til at det må takast skjelprøvar av all laks som blir teken i Toåa i resten av sesongen. Todalen Elveeigarlag har fått instruks om å starte med prøvetaking straks. Skjelprøvane skal sendast inn for å analysere genene, og dermed få oversikt over kor stor del av laksen som går opp i elva som er oppdrettslaks.
Dette medfører at fiskarane i Toåa må ta skjelprøve av kvar laks og levere saman med fangstrapporten når dei avsluttar fisket. Det har hittil i sesongen ikkje vore teke så mange laksar som har hatt synlege teikn til å vere oppdrettslaks, men ved å ta skjelprøvar vil kvar enkelt laks bli gentesta, for å sjå om dei er ekte «todalingar». Det er mykje rømt laks i fjordane i Trøndelag, og prosjektet skal mellom anna vere til hjelp for å finne ut kvar denne laksen kjem frå.