Skjærtorsdag er det bokstaveleg fortalt på Nordvik det skjer, og i Nordvik grendalags regi. Først på dagen står det seterrenn på programmet, men det fortsett utover kvelden med «after ski». Det tradisjonelle seterrennet foregår sjølvsagt på Nordviksetra, der det blir både langrenn, kulerenn og hopprenn – dersom det er nok snø? Blir det snømangel blir det alternativt arrangement med natursti.
Langrennsarrangementet startar kl 12, kulerennet kl 13 og hopprennet kl 14. Det er teleløysing i vegen opp til inntaksdammen, så det blir organisert transport med traktor og tilhengar frå Øygarden kl 11 for den som har behov for transport. – Eventuelt fleire avganger dersom det er behov for det. På Nordviksetra er det salg av pølser og kaffe.
Om kvelden er det «After ski» i Forsamlingshuset
Her startar servering av middag frå kl 20.00 og utover, og det er salg av både mat og drikke. Nordvik Grendalag ønskjer alle velkomne til triveleg fest!