Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skjærtorsdag arrangerer TILs trimgruppe Gunnøydilten – oppdatert

Jon Olav Ørsal Tysdag 26. mars 2024

Gunnøydilten har vore stor suksess kvar gong – skjærtorsdag 28. mars er det igjen klart for eit nytt og fint arrangement – Gunnøydilten går etter Toåa tursti, og har sin base rundt gapahuken i Båthølen.  Der er det TILs trimgruppe har tilhald, og som vanleg har dei litt av kvart å by på.  Trimgruppas kanelsnurrar er viden kjent – langt utover Nordmøre.

TIL-sjef Elinor Bolme tykte det var stas å samle så mykje folk – her deltek Elinor i kaffesalet – og kanelsnurrane gjekk unna! Foto Jon Olav Ørsal

Mellom kl 12 og 15 kan du starte for å bli med på Gunnøydilten i Toåa Tursti. Todalen Idrettslags trimgruppe gjentek suksessen frå i fjor, da folk gikk «mann av huse» for å delta – faktisk eit par hundre deltakarar med smått og stor var med. Det er inga deltakaravgift på Gunnøydilten, men dersom du vil bidra kan kjøpe kaffe eller kanskje kjøpe lodd i lotteriet.  

 

Først publisert: 26. mars 2024, 14:00 - Sist oppdatert: 27. mars 2024, 22:38