“Ut på tur med Skjærpeplogen” er ein film Eistein Bæverfjord har laga. Onsdag 9.april kl. 19.00 er det framsyning av filmen i Skulstuå. Filmen har gått sin «seiergang» rundt om kring på Nordmøre, og no får du altså høve til å sjå filmen i Skulstua komande onsdag. Her kan du laste ned plakaten
Litt historikk
Filmen “Ut på tur med Skjærpeplogen” har eg hatt på beddingen i meir enn eitt år. Opptaka til dette prosjektet starta våren 2012, etter initiativ av Gudmund Fiske, og har fokus på den intense nydyrkinga som gikk føre seg i Surnadal, Rindal og Halsa på 1950 og 1960-talet. Den raude tråden i historia er festa til Skjærpeplogen, eit revolusjonerande reiskap som vart lansert på Jæren i 1951, og etter det vi veit vart det investert i 4 slike plogar her i distriktet; Rindal Bulldozerlag, Gustav Mikkelsen, Tor Betten og Per Reiten