Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skjærtorsdag: Seterrenn nr 85 og «after ski»

Skjærtorsdag: Seterrenn nr 85 og «after ski»

Jon Olav Ørsal Sundag 24. mars 2013

Skal vi først snakke om tradisjon, så kjem vel seterrennet på Nordviksetra i den kategorien! Det er i allfall 85. gongen at det blir arrangert i år, og Nordvik grendalag reknar med skikkeleg innrykk til årets arrangement, fortel Ola Magne Nordvik til Todalen.no. Det er lagt opp til aktivitetar med langrenn på idealtid, hopprenn og det blir kulerenn.  Det er bra med snø og fine føretilhøve, så alt ligg til rette for eit vellukka seterrenn. Vêrgudane ser også ut til å være i godlynne.

Seterrennet blir som sagt arrangert på tradisjonelt vis, med både langrenn, hopprenn og kulerenn med god premiering. Men vegen opp til setra vil være stengt for ordinær trafikk denne dagen, da det ikkje er brøyta parkeringsplassar i området. Men det blir gratis traktorskyss opp til setra for den som vil. Dei vil starte køyringa i 11-tida, og køyrer fleire turar dersom det er behov.  På setra vil det elles blir salg av kaffe og varme pølser.

Skjærtorsdag kveld blir det «After ski» i Nordvik forsamlingshus. Dei opnar dørene kl 20, og det blir salg av eksklusiv  «Jegergryte», med smak av både hjort og skotsk høglandsfe. I tillegg har dei sikra seg skjenkeløyve, slik at det skal bli høve til å rette opp att væskebalansen etter skirennet.  After ski har vorte eit populært og sosialt tiltak, der du kan treffe både bygdefolk og tilreisande på påskeferie, seier Ola Magne Nordvik til slutt.

Publisert: 24. mars 2013, 22:50