Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skiturist vart henta ut av helikopter

Jon Olav Ørsal Tysdag 16. april 2019

Tysdag kveld vart ein skiturist henta ut med helikopter frå Neåstien – i nedstiginga frå Neådalen og ned til Kårvatn. Turisten som er ein trønder i 20-årene kleiv seg rett og slett fast, og da mørket seig på vart det beslutta å hente vedkomande ned med helikopter.

De gamle er eldst – Sea Kingen sørga for å hente skituristen i Neåstien og fløy vedkomande ned til Kårvatn, der han vart henta. Foto: Jon Olav Ørsal

Mannen var uskadd, og det heile var utan dramatikk, bortsett frå at det var ulendt terreng og vanskeleg å kome til. Legehelikopteret frå Dombås var først på pletten og gjorde forsøk på å hente vedkomande opp, men måtte gje seg når Sea Kingen frå Ørlandet kom til.  Sea Kingen henta vedkomande opp og sørga for transport til Kårvatn, der han vart henta seinare på kvelden.

 

Publisert: 16. april 2019, 21:52