Tysdag kveld vart ein skiturist henta ut med helikopter frå Neåstien – i nedstiginga frå Neådalen og ned til Kårvatn. Turisten som er ein trønder i 20-årene kleiv seg rett og slett fast, og da mørket seig på vart det beslutta å hente vedkomande ned med helikopter.
Mannen var uskadd, og det heile var utan dramatikk, bortsett frå at det var ulendt terreng og vanskeleg å kome til. Legehelikopteret frå Dombås var først på pletten og gjorde forsøk på å hente vedkomande opp, men måtte gje seg når Sea Kingen frå Ørlandet kom til. Sea Kingen henta vedkomande opp og sørga for transport til Kårvatn, der han vart henta seinare på kvelden.