Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene
Skitt la gå…

Skitt la gå…

Elinor Bolme Tysdag 17. juli 2012

I dag var ikkje veret det aller beste frå morgonen og utover. Dermed nytta Ingrid Kvendset på Trøå anledning til litt åfått-arbeid i fjøset til bror Bjørn. Ho gjekk laus på siste års talle med høgtrykkspylar og godt mot. Eit litt grisete arbeid, men artigt når det skal såpass lite til før ein ser resultatet av nokre timers arbeid. Ein retteleg avløysarjobb meinte ho, og antyda det var difor ho var åleine i fjøset denne dagen.

Fjøset er no tomt, då dei har sendt vel 180 sauer til fjells på beite. Gjetar Mari Redalen hadde vore på inspekjonstur i går rundt Skihytta og rundt dei ytre setrene, fortalte Ingrid, men ho hadde ikkje sett nevneverdig til dei. Det er forøvrig mykje snø i dei høgste  fjellområda enno, så dei ferdast ikkje alt for høgt enda.

Nede på garden er det 14 kopplam som held hus under ei vid gran. Ingrid fortel at det var 15 natt til laurdag, men det eine har forsvunne på uforklarleg vis etter det vart sett innomhus fordi det var sjukt. Når Bjørn hadde komme for å sjå til det laurdagsmorgonen, var grinda opa og det sjuke lammet borte. Siden har dei hverken hør eller sett noko til det. Men dei som var att var rett så tilfreds med at dei fekk litt oppmerksomhet på ein ellers grå dag.

Publisert: 17. juli 2012, 22:49