Søndag inviterte Todalen I.L. til skitreff i den nye lysløypa på Tjønnmyran, og det var eit populært tiltak med både stort frammøte og stor aktivitet både i og utafor sporet. Med passe aktivitetsnivå, supplert med bålpanne og varm drikke klarte alle å halde varmen, sjølv om nokre få kuldegrader og litt auståvind beit godt.
Eit lite trettital barn i alle aldre og eit liknande antal vaksne (også i alle aldre) hadde møtt fram – nokon med skli og andre med akebrett – fine tilhøve var det for alle – til og med dei som kom til fots. Skitreff på Tjønnmyran blir det også neste søndag til same tid – kl14.00.
Det er mange som brukar lysløypa både på dagtid og på kveldstid allereie. Lyser tenner seg automatisk i skyminga, og slukker automatisk kl 23. Det lønner seg altså å avslutte i tide, slik at det ikkje blir mørkt når du er i ei utforkjøring :-).
Vi har lagt ut eit bildegalleri frå den første skidagen på Tjønnmyran – sjå om det er nokon du kjenner? Alle foto: Jon Olav Ørsal