Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skishow med sloopstyle i Sæterlia – oppdatert

Jon Olav Ørsal Sundag 17. mars 2019

I helga har Surnadal I.L. freeski/alpint stått som arrangør av «Pipelife Show & Style» som har gått over 2 dager, men litt trening og uhøgtidleg finpuss av forma på laurdag, da også arrangement i kulturhuset var ein del av programmet. Søndag var det klart for «Slopstyle Show And Style» i Sæterlia Snowpark som er det 4. av 4 renn i Midt-Norge i vinter.  37 deltakarar stilte på startstreken, og viste imponerande egenskaper på ski – berre så synd at det var iskald vind med snøfokk det meste av arrangementet.

Laurdag var det reinaste påskeværet og fint å kose seg med både kaffebål og grilling av pølser i tilknyting til aktivitetane i bakken. Søndag var det nok berre dei mest iherdige foreldrene og besteforeldrene som utgjorde ei lita gruppe med publikum. Men vi som var der fikk skikkeleg underhaldning med imponerande skikunster.  Den sterke vinden som blåste oppover bakken gjorde at mange av løparane mista farten og hadde faktisk problemer med å kome over hoppkanten. Men det var ingen sure miner, verken for vindkulene og snøfokket eller det trå føret som hadde same årsak. 

Med nordåvind frå alle kantar, var det berre dei mest ihuga besteforeldra som heldt ut som tilskuarar. Foto: JOØ

Her finn du resultatlista frå dagens arrangement i Sæterlia – klikk på linken og last ned!

Bildeserie frå Show & Style i Surnadal i helga – alle foto: Jon Olav Ørsal

 

 

Publisert: 17. mars 2019, 18:28