Endeleg er det klart for ungdomscamp igjen! For deg mellom 12 og 23 år som har lyst til å prøve, eller vil utvikle deg vidare innan Randonéesporten. – Vi har vore så heldige å få Vegard Øie frå Randonéelandslaget som instruktør denne helga. Han kjem direkte hit frå verdenscuprenn i Tyskland, fortel Gudmund Kårvatn til Todalen.no
Komande helg – frå fredag til søndag er det altså full rulle på Kårvatn, i Surnadal Alpinsenter og i Blåfjellet i Settemsdalen! Og opplegget er slik:
For deg som er 16-23 år: Fredag til søndag
For deg som er 12-15 år: Lørdag til søndag
Fredag:
Trening og teori for 16-20 gruppa. Dette vil foregå på Kårvatn i Todalen.
Lørdag:
Felles trening/ opplæring/ aktivitet i Surnadal Alpinsenter, og dagen blir avslutta med sprintkonkurranse. Teori og sosialt på kveldstid.
Søndag:
Individuell konkurranse, Blåfjellet i Settemsdalen. Påmelding her er inkludert i påmeldingsavgifta for samlinga.
Er du interessert så finn du meir opplysningar på Facebooksida til Trollheimen Fjellsportklubb
Sett av helga, og bli med på ei lærerik, utviklande og artig SkiMo helg er oppfordringa frå Trollheimen Fjellsportklubb!