Søndag 21. februar var det riktig fine forhold oppå Tjønnmyrå, og idrettslaget nytta det gode skiføret til å arrangere både «Barn i løypa» og skimerkerenn.
Ungar med ski på beina kosa seg i det fine anlegget. Dei trappa opp bakken og rende ned att gong etter gong, eller dei tok ein runde eller to bortover lysløypa. Det er tydeleg at den fine og stabile vinteren har gjort at ungane har vorte riktig så flinke på ski. Artig å sjå at ungar leikar seg og kosar seg på ski igjen! Men innimellom er det sjølvsagt morosamt å bruke akebrett eller ta ein liten snøballkrig.
Det var også skimerkerenn. Åshild Halle frå ski- og friidrettsgruppa fortel at siste gongen det var arrangert skimerkerenn nede i bygda var i 2011, da var det i gammellysløypa i Ørsalbukta. Det året tok 15 personar skimerke. Seinare år har det vore høve til å ta skimerke i samband med Kjerringdilten på Skihytta. I dag greidde 14 personar kravet til skimerke, den eldste var Johan Kvendset og den yngste var Jenny Lello Talseth på sju år.
Neste helg er det ny runde med «Barn i løypa». Det vil også bli fleire høve til å ta skimerke, melder Åshild, så følg med på todalen.no!
Det var skikkeleg god og triveleg stemning på Tjønnmyrå i dag, blide ungar og vaksne! Det er vinterferietid og mange som ferierer i bygda møtte fram, kjekt.