Det stod ikke på innsatsen da dei minste var samla til barni løypa og skileik på Tjønnmyra i dag. Aktivitetane var samla rundt den nye og flotte gapahuken, der bakelspressa gikk på spreng under arrangementet. Det var Todalen ILs ski og friidrettsgruppe som stod som arrangør, og kombinerte aktivitetar både for store og små utover ettermiddagen. Vi vakna til blå himmel og sol i dag, men før arrangementet på Tjønnmyra starta så skya det over og det vart litt kald vind, men det såg ikkje ut til å leggja nokon dempar på den yngre garde som var godt kledd.

Grøttumsbråten – nei det var Gudmund Kvendset som gikk inn mot mål med 6 minutt til gode på skimerke. Foto: Jon Olav Ørsal
Denne dagen var det også høve til å prøve seg på skimerket, men trur det var berre Gudmund Kvendset som prøvde seg der. Han klarte det imidlertid med glans og hadde 6 minutt til overs da han gikk i mål.
Ski- og friidrettsgruppa i TIL runda av sitt lotteri med trekning, og her var det stor spenning. Hovudgevinstane var eit spisebord og 6 stolar, som vart vunne av Markus Bolme – og ein høgtrykkspylar som fikk Gjermund Moe som heldig vinnar – sjå heile trekningslista her. Lotteriet ga rund 11.500 kroner i inntekt til Ski- og friidrettsgruppa.

premie til alle som hadde delteke på aktivitetane i fjor – her er det Nathalie Astrid som får sin velfortente premie med Justina. Foto: Jon Olav Ørsal
Eit høgdepunkt var også premiutdelingane frå Ski- og friidrettsaktivitetane som hadde foregått i 2016. Her fekk alle som hadde delteke sin velfortente premie, og det var sjølvsagt stor stas.

Uten mat og drikke ….. Rundt bordet frå venstre Justina, Julia, Aleksandra, Selma og Siri. Foto: Jon Olav Ørsal

Det er god plass i den nye gapahuken og folk kosa seg med kaffe og nystekte bakels. Foto. Jon Olav Ørsal

Bakesla gikk unne etter kvart som dei kom ut frå bakelspressa. Bakels og graut er sikkerstikk! Foto: Jon Olav Ørsal