Stavganggruppa i Surnadal Pensjonistlag tok i dag turen både ut av kommunen og fylket. Dagens stavgangtur gjekk nemleg til Igeltjønna i Rindal, og ein kan trygt seie dei fekk finvêr på dagens tur.
– Godt over 20* C da vi tok turen rundt Igeltjønna, fortel Svein Tjelle i Stavganggruppa.
– Det var fint å sitte med nista på ein terrasse, bygd uti vatnet, legg han til.
– Rein sydenstemning blant de 20 som deltok i dag, avsluttar han.
Neste torsdag, den 22. juni går stavgangarane sin tur i retning Skjennå. Parkering og oppmøte ved Åsen klokka 11:00