Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skikkeleg trøkk på sanitetsbasaren

Jon Olav Ørsal Måndag 27. oktober 2014

Den årlege sanitetsbasaren er eit stort løft for Todalen sanitetsforening. Dei siste par vekene har det foregått førehandssalg på felleslista både på Matkroken og i Amfisentret i Surnadal. Tilsaman var det kome inn 23.900 før basaren i Sanitetshuset starta i går, men den summen klarte dei mesta å doble når dei fekk med loddsalget på basaren. Runt 40.000 vart sluttsummen før dei kunde runde av og starte trekkjinga søndag ettermiddag.

God basarstemning i Sanitetshuset søndag ettermiddag.  Foto: Driva/Jon Olav Ørsal

På basaren kunne dei by både på åresal, dagens bord og eige barnebord, så tilsaman var det eit hundretal med gevinstar som var trekte ut til glade vinnarar både innafor og utfaor bygda. Sjølvsagt var det også traktering, – gratis kaffe, kaker og sågar bakels og graut til alle som kom innom for å kjøpe lodd og støtte arbeidet til sanitetskvinnene.

Og inntekt det treng dei, for dei har eit utruleg stor engasjemnet og omfattande verksemd. Vi kan berre nemne drifta av sanitetshuset som vart bygd på 80-talet. Her er det 4 eldrebioliger som leies ut til den som etter kvart treng litt meir lettvint og sentral bolig. I sanitetshuset er det også møterom som er mykje nytta til møteverksemd både i eigen regi og som leies ut til andre.

Viktigast er kanskje det lokale omsorgsarbeidet som drives, der Todalen sanitetsforening har avtale med Surnadal kommune om beredskap i samband med ulykker og anna som skjer. Her kan ein kanskje nemne innsatsen som Saniteten gjorde i samband med raset i fjor, da dei sørga for mat og kvile for mannskapet som var engasjert der. Elles er «Kvinner mot vold» eit av satsingsområda dette året og støtte til etablering av sanitetsforeninger i Etiopia, som skjer etter same mønster som her i Noreg først på 1900-talet.

May Elisabeth Holten som er sekretær i Todalen sanitetsforening nyttar høvet til takke alle som har delteke med loddkjøp og anna støtte til Sanitetsbasaren!

Her har vi lagt ut trekningslister – alle samla i ei liste

Barnebord_8358

Eige barnebord. Her var det muleg å vinne berre for dei aller minste. Foto: Jon Olav Ørsal

LivL_Sigrun_8350

Traktering hører med når saniteten arrangerer. Liv Larsen og Sigrun Ørsal står for trakteringa. Foto: Jon Olav Ørsal

kaffebord_8355

Folk kosa seg rundt kaffebordet.Frå venstre Dordi Jorunn Halle, Britt Mossing, Ingunn Kjølstad og Ester Karin Larsen. Foto: Jon Olav Ørsal

Sanitetshuset_8364

Sanitetshuset på Kvennset. Her er det 4 eldrebustar og eit møtelokale for utleie og eige bruk for Saniteten. Foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 27. oktober 2014, 12:29