Vêrmeldinga på yr.no melder skikkeleg regnvêr til helga – spesielt er laurdag utsett med nedbør opp mot 70 mm på døgnet. Saman med snøsmelting kan det gje store vassmengder i Toåa-vassdraget og sideelvane. Denne veka har det vore forholdsvis høg lufttemperatur, og stor snøsmelting som har ført til stor vassføring, utan at elvane har vore flaumstore. Vassmålaren som NVE har ovafor Storfossen har på det meste registrert rundt 40 mm i sekundet.
Som sagt går meldingane på yr.no ut på store nedbørsmengder heile laurdagsdøgnet, men samtidig kan vi og sjå at temperaturen går drastisk nedover – faktisk så meldes det kuldegrader i høgda. Dermed kan nok mykje av nedbøren kome som snø i fjellet. Det blir nok litt spanande å sjå korleis dette utviklar seg og kor høg snøgrensa blir. Det vil sjølvsagt ha stor påverking på vassføringa gjennom helga.