Toåa tursti er i rute for opning i midten av juni. I dag vart betongarbeidet for fiskerampe og gapahuken gjort unna – dermed er det klart for bygging av gapahuken, og det skjer etter plana i helga. Toåa tursti er eit millionprosjekt, med opparbeidd tursti frå Bønnavollan og nedover til Halsabrua.
Strkninga frå Bønnavollan og nedover til Båthølen har turstistandar for ferdsel for bevegingshemma – 2 m brei med knusagrusdekke. I Båthølen er det lagt opp til eit aktivitetsområde der det skal byggast ein fiskerrampe og ein gapahuk. I dag var det støypt plate/fundment for både gapahuken og fiskerampen. I løpet av langhelga er det plana at gapahuken skal settast opp – dette er bygd i royalimpregnerte element frå Talgø MøreTre i Todalen.
Det meste av turstien er no opparbeidd, men det står att litt finpuss og grusing. Dette arbeidet er entreprenøren Gjeldnes Maskin er i gang med, og dermed ligg det an til å ta i bruk anlegget i midten av juni da det er plana at opninga skal markerast. Heile prosjektet kostar rundt ein million, og har fått offentleg støtte med tippemidler, midler frå Olav Thons stiftelse, Surnadal JFF, Norske 4H og bidrag frå bl.a. Talgø.