Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Skikkeleg facelift på Kaffekroken – no blir det nyopning og fest…

Jon Olav Ørsal Laurdag 11. februar 2017

Dei siste par dagane har Kaffekroken på butikken vore prega av handtverkarar og malingsarbeid. Det gamle og gulna panelet har fått både 2 og 3 strøk med lys og fin luktfri måling med Ted og Martin som dyktige penselførarar.

Karen Johanne er profesjonell når det gjeld bakels og graut – her ho i gang med bakelsjarnet ved eit tidlegare høve. Foto: Jon Olav Ørsal

Taket er måla i kvitt, og på veggane er det litt farge og farga heiter kritt. Lyst og fint blir det iallfall, og samtidig har også møblane vore gjennom ein prosess med fornying – sjølvasgt er det god grunn til å feire dette når Kaffekroken får si reopning måndag føremiddag.

Måndag blir det feiring med gratis kaffe med bakels og graut tom tilbehør. Da er det leid inn profesjonell kokk til å handtere vaffelpressa og grautkjelen.  Karen Johanne vil servere nystekte bakels med smørgraut frå ca kl 10.30 og utover til kl 17.00. Da er alle velkomne innom til å sjå «nye» Kaffekroken og å ta ein kaffetår i nytt og tidsriktig miljø, skriv handelsmann Nordvik i ei pressemelding til Todalen.no

 

Publisert: 11. februar 2017, 20:20