Forleden laga vi nyheitssak på at Kårvatn Fjellustyr skulle arrangere tradisjonelt påskesal i butikken på låven. Fredag tok vi turen oppover for å sjå og høre kva dei hadde å by på. Laila og Fredrik var i full gang med sortering av varer, tegning av plakatar og rydding – for å ha alt klart til laurdag morgon når påskesalet startar i butikken.
Vart eigentlege forbausa over at det var så mykje fine klær og utstyr som er med på salet, men det kjem stadig nye design og farger, og så er det mange serier som etter kvart blir litt utplukka i størrelser, fortalte Laila Kvendset Bergli som er dagleg leiar på Kårvatn Fjellutstyr. I tillegg kjem det kvar dag inn nyheiter til vår- og sumarkolleksjonen, så vi treng plassen til nye fine varer, fortel Laila. Saman med Fredrik Toresen Sletten har ho hatt travle dagar med å førebu salet, og på tampen av fredagen kom også plakatane på plass på salgsstativ og torgplassar.
Salet startar laurdag, og butikken er open både laurdag, søndag og neste veke fram til og med onsdag før dei stenger dørene og tek ein velfortent påskeferie!