Ved Talgø Møbelfabrikk i Todalen var det skifte av dagleg ledar frå 1. januar. Arne Rudningen som har vore dagleg ledar ved fabrikken i 4 år går over i ny stilling som innkjøpssjef i Talgø Invest, medan Ola Magne Nordvik tek over det daglege ansvaret for Talgø Møbelfabrikk i Todalen.
Ola Magne Nordvik er godt kjent med Talgø etter mange år i forskjellige jobbar i Talgø-konsernet.
Talgø har hatt ei fin utvikling dei siste åra, mellom anna ved å satse mot byggvarebransjen. No satsar dei friskt i ein marknad som nok har vore prega av finanskrisa men som er på betringens veg.