Denne veka har Svorka jobba med vedlikehald av breibandsbasen ved Reiret. Denne basen har hatt ein type 3,5 GHz sendar som no vart skifta til meir moderne AC-teknologi. Denne basen har den siste tida berre forsynt nokre få brukarar, og dei som er berørt har no fått nye oppgraderte antenner.
Det er i hovudsak kundar ovafor Falla som har fått breibandssignal frå denne basen, og no er den nye sendaren sett i drift. Dei gamle sendarane med 3,5 GHz frekvensar skal no ut av bruk, og frekvensane skal brukes til andre formål, fortel Lars Arne Gjeldnes hos Svorka Aksess.