På Kvennset var Veidekke Drift fredag føremiddag i gang med utskifting av gamle og fargelause vegskilt. Det var Ragnar Johnsen som hadde fått jobben med å demontere gamle skilt og montere opp spilder nye skilt med dei korrekte fargane på skilta i 50- og 60-sona.
Etter som vi forstod skal alle skilta rundt heile bygda skiftast ut no. Og det var kanskje på tide, for det var berre så vidt vi kunne skimte litt raudfarge på dei gamle skilta. Dei har stått heile tida etter at det vart fartsregulering på vegane rundt bygda ein gong på 70- eller 80-talet. Det skulle ikkje gjerast noko endring på skiltinga, så det var berre fornying som foregikk.
På begge sider av Svinviktunnellen står det enno skiltet med «viltfare». Den første tida etter at tunnelen kom først på 2000-talet var det mykje hjort og rådyr ved vegen her, men den siste tida er nok denne trafikken på det neraste borte. Disse skilte kunne kanskje vore flytte til området ved Åsbøen, medan det enno er hjort og rådyr som kryssar vegen der!