Onsdag Svorka Energi kabelarbeid i Husbygrenda – feil på ein jordkabel gjorde at kabelen rett og slett måtte skiftast ut med ein ny. Kabelen som vart skifta ut var av gamal type og var lagt ned på nittitalet ein gong.
Gjengen frå Svorka påviste enkelt kvar det låg kablar, og kvar dei kunne grava – dermed vart det ei ny grøft og ny, solid kabel vart lagt. Det meste av arbeidet vart gjort onsdag og på torsdag var det litt opprydding som stod att.