På gammelfabrikken er 3 oppdalingar i full svin med å mure ny peis i det nye utstillingslokalet til Talgø Invest. Det er oppdalsfirmaet Oppdal Handverkerservice, med Terje Storli i spissen som har oppdraget. Det nye peisanlegget blir veldig fin i det nye utstillingslokalet, og det er mura i Hardangerskifer.
Det nye utstillinglokalet er på ca 600 m2, og har fin utsikt mot elva og fossen. På utsida er det laga ein fin svalgang, og det vil nok bli mange kunda som blir begeistra for Toåa og Todalsnaturen. Kanskje kan dei også ta seg ein laks rett utafor i fyrhushølen som ikkje er heilt ukjent for laksefiskarane i Toåa.
Det tre murarane er som sagt storlidalingen Terje Storli som har heile 9 år attom seg som ansatt på Talgø Møbelsfabrikk i Todalen. Dei siste åra har han drive med murararbeid, samaan med kollegaene Eirik Finseth og Vegard Norheim. Dei reknar med å bli ferdige med murararbeidet i juni, og vi lovar å vise det ferdige resultatet.