I helga vil Kårvaten nok ein gong bli base for Norsk Skialpinisme sine aktivitetar. Da vil dei ha ei helg med trening og konkurransar seg i mellom. Deltakarane blir noko av den same gjengen som var her i vinter, men det er og meldt om lokal deltagelse, då av Halvor Drøpping. Alt denne gjengen har for seg dreiar seg stort sett om å gjere det mest muleg, på kortast muleg tid. Og det som kanskje kan vera av interesse denne gongen er Nauståfossen rundt, eit skikkeleg tøft terrengløp. Løpet har start og målgang frå Kårvatn gard kl 10 på laurdag.
Fleire av deltagarane her har i sommar hevda seg i norgestoppen når det geld motbakkeløp.
Men her blir det båte mot- og unna bakkå.
For dei som vil sjå på løpet kan det anbefalast ein tur oppå Naustådalssetra, der vil ein kunne sjå løparane når dei kjem opp Brannhaugen, og spring viare innover Naustådalen før dei rundar og kjem springande forbi setra på tur nedatt.
For komplett program over treningshelga, kan du gå inn her.