Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Ski og natur på Surnadal kino

Bjørn Gunnar Ansnes Måndag 27. januar 2025

To nye filmar på Surnadal kino denne veka med bilde ein kan bli mållaus av! Filmen «Skal hilse fra naturen» kjem i filmklubben onsdag 29. januar klokka 12:00. Og det blir både ski og natur!

SKAL HILSE FRA NATUREN

Foto: Norsk Filmdistribusjon 

Asgeir Helgestad er vår mest prisvinnande naturfotograf og det kjem tydeleg fram i denne poetiske hyllinga av norsk natur. «Kanskje tidenes norske naturdokumentar», skriv Aftenposten, og kritikaren til Bergens Tidende konstaterer at «Skal hilse fra naturen» er «en film som innimellom slår pusten ut av meg». Helgestad er heftig begeistra, og litt bekymra, for det han opplever ut i det fri, og har laga «en kjærlighetserklæring til naturen» (NRK).

SKI

Foto: Norsk Filmdistribusjon

Det blir også fantastiske naturbilde i filmen «Ski», som har premiere fredag 31. januar. Det er også ein dokumentar som «er helt spinnvilt vakkert» (iTromsø), men «Ski» inneheld i tillegg møte mellom to ungdomsvenar som gjekk kvar sin veg. Dei hadde «galskapskjøringa» på ski til felles, men staka ut kvar si løype i ungdomstida. Den eine vart ein kjent profilert frikøyrar, medan den andre tvert om søkte dei stille, einsame opplevingane i naturen – fri frå sosiale media og jakta på «likes». No planlegg han ein eventyrleg tur i Lyngsalpane, og den tidlegare venen vil henge seg på.

THE ZONE OF INTEREST

Foto: SF Studios

Laurdag blir det filmklubb igjen der ein er «flue på veggen» heime hos den hyggelege familien Höss. Dei bur i ein nydeleg villa med fantastisk hage rett utafor Auschwitz, konsentrasjonsleiren som Rudolf Höss er sjef for. The zone of interest vann Oscar som beste internasjonale film i fjor.

Heile filmprogrammet finn du på surnadal-kulturhus.no/filmer medan kulturprogrammet finn du på surnadal-kulturhus.no/kulturprogram

 

Publisert: 27. januar 2025, 13:44