Barne- og ungdomsgruppa i Todalen Idrettslag, melder at skeiseisen på Bordholmen stadion no er klar til bruk. Dei siste dagane med blåe grader på gradestokken, har gjort det mogleg å vatne skeisebanen i fleire dagar, slik at det no er fin is på skeisebanen.
Gruppa fortel at dei vil halde fram med å vatne isen så lenge det er kuldegrader, for å få ein så fin og tjukk is som mogleg, før det eventuelt blir plussgrader att.
Gruppa melder at forholda på isen no er gode. Så da er det berre å finne fram skeisene og ta turen på bordholmen for å ta til å bruke isen!